Tysdag ettermiddag vart det klart at Sindre Eid ikkje takkar ja til tilbodet frå Hødd om å halde fram som hovudtrenar i klubben også dei to neste åra. Dermed går Eid ut av stillinga etter denne sesongen, og dersom det blir tap i Bergen sundag vil han då ha leia Hødd i sin siste kamp frå trenarbenken. Blir det derimot siger mot Brann og «læremeister» Lars Arne Nilsen, kan trenarkarrieren til Eid verte forlenga med endå nokre kampar.

Men etter sesongen er det slutt, og kanskje er det den beste løysinga både for Eid og for Hødd?

Sindre Eid vart tilsett som hovudtrenar i Hødd i januar 2014. Klubben tok valet om å erstatte suksesstrenar Lars Arne Nilsen, med eit cupgull og ein tredjeplass i 1.-divisjon på sine to siste sesongar i klubben, med Nilsen sin assistenttrenar.

Under pressekonferansen der Eid stadfesta at han gir seg, sa styreleiar Bård Dalen at tilsettinga av Sindre Eid var eit godt val og eit modig val. Det var samstundes eit val som delte massane. Mange var glade for at Eid fekk sjansen, medan andre hadde gitt opp trenaren lenge før Hødd spelte sin første kamp med Eid ved roret. For den siste gruppa hadde ikkje Eid eit stort nok namn, han hadde ikkje erfaringa som trenar på toppnivå og derfor var han ikkje rett mann for Hødd. Kva resultat Eid potensielt kunne oppnå var ikkje viktige.

Eid fekk heller ingen enkel start på trenarkarrieren i Hødd. Steinar Lein kom inn som assistenttrenar, men det skjedde berre kort tid før laget reiste til La Manga på treningsleir, og då hadde Hødd på langt nær fått sett stallen. Ole Amund Sveen, Joakim Wrele og Robin Shroot vart alle klare kort tid før seriestart.

Likevel opna Hødd med tre sigrar og berre eitt tap på dei fem første kampane. 3–0 heime mot Alta og 3–1 siger borte mot Mjøndalen var lovande, men det var også skjær i sjøen.

1–5 tapet heime mot Florø i cupen er nok framleis eitt av resultata som ser styggast ut. 2–5 mot Nest-Sotra var ikkje stort betre, og heller ikkje 0–4 mot Bærum. Hødd enda til slutt på ein 8.-plass, noko bak mange sine forventningar etter 3.-plassen i 2013, men kanskje på det nivået som var naturleg for eit lag der det hadde skjedd store endringar.

Før 2015-sesongen fekk både trenarapparatet og spelargruppa meir tid og meir ro. Dei nye spelarane var på plass på eit tidleg tidspunkt, troppen var meir samkøyrt, og Eid og Lein hadde fått eitt år på å finpusse sine tankar og idear. Derfor var det også naturleg å vente meir av Hødd denne sesongen. Hødd hadde ikkje lenger Robin Shroot, men med Magnus Myklebust og Michael Karlsen tilbake, samt lovande Torbjørn Kallevåg frå Vard, såg Hødd sterkare ut offensivt.

Sesongen har også levert ei rekkje høgdepunkt. 3–0 sigeren mot Brann i tredje serierunde var magisk, 4–0 mot formlaget Åsane var sterkt, det same var 4–1 borte mot Bryne. Hødd har teke fire av seks poeng mot avdelingsvinnar Sogndal, og Hødd slo AaFK ut av cupen heime på nye Høddvoll.

Men for kvart høgdepunkt har det også kome nederlag. 0–4 mot Bærum, 1–4 mot Ranheim, 0–4 mot Levanger og 0–3 mot Follo. Toppnivået til Hødd har blitt betre, men botnnivået er i beste fall på same staden som i 2014.

Det Eid og trenarapparatet ikkje har fått til er å gjere Hødd stabile nok. I ein liga der alle slår alle er det naturleg at det kjem eit og anna tap, men Hødd har tapt for mange poeng mot lag frå nedre halvdel av tabellen. I ein sesong der spelarane meiner dei er betre trent og betre budde enn tidlegare, må også dei ute på bana ta ein stor del av ansvaret, men til slutt er det ein mann som skal bere presset frå media og frå supporterane. Ein som skal svare på dei same spørsmåla, som skal tole at det murrar på tribunane.

Det han ikkje skal tole er at kritikken blir noko meir. Fotball handlar i stor grad om kjensler, noko Sindre Eid er ein stor eksponent for, men når fotballen får vaksne personar til å ty til personangrep og hets, då må nokon byrje å tenkje seg om.

Spesielt dersom hetsen også blir retta mot dei som står trenaren nærast.

– Det blir sjølvsagt spesielt for meg når vi bur her, det blir veldig nært og personleg, sa Eid etter pressekonferansen tysdag. Han kunne ikkje legge skjul på at Hødd sine resultat kan vere ei belastning både for han sjølv og for familien. Og det kan ein forstå når ein høyrer ein del av det som blir sagt om Eid og om dei rundt han. Slike ting som ikkje egnar seg på trykk, og som ikkje har noko å gjere på ein fotballarena.

Difor trur eg det kan vere rett for Sindre Eid å trekkje seg tilbake frå stillinga som hovudtrenar i Hødd. For klubben sin del startar jakta på ein ny sjef, men det blir truleg lenge til klubben får ein trenar der hjartet bankar like blåkvitt.

Andreas Bjerknes

andreas.bjerknes@vikebladet.no