Elverum toppar PostNord-ligaen avdeling 2 etter to serierunder. Laget har vunne begge sine kampar og står med 6-0 i målskilnad etter to kampar.

Laurdag spelte laget sin første heimekamp, med Robin Hjelmseth frå start på topp. Den tidlegare Hødd-spelaren, som vart årets lokale toppscorar i 2014, scora det avgjerande målet då Elverum tok seg vidare til andre runde i NM onsdag. Også laurdag var Hjelmesth giftig framom mål.

Den første omgangen på Elverum stadion var mållaus, men etter 73 minutt sende Robin Hjelmeseth heimelaget i føringa med ei heading. Og ni minutt seinare punkterte same mann kampen med si andre scoring.

Dermed ligg Elverum åleine på toppen av tabellen, men kan få selskap av Rosenborg 2 dersom dei slår Brumunddal i ettermiddag.