Etter overgangen frå Hødd sitt damelag i 2.-divisjon ser det ut til at 18-åringen Vilde Hasund har takla steget opp i toppdivisjonen på kortast mogeleg tid.

Søndag spelar Hødd-damene sin siste seriekamp denne sesongen, heime mot Byåsen som allereie har vunne avdelinga. For den tidlegare Hødd-spelaren Vilde Hasund er det likevel framleis nokre sjansar til å vise seg fram.

Etter eit kort innhopp for Røa mot Kolbotn, fekk ungjenta prøve seg frå start då Røa tapte semifinalen i cupen mot Trondheims-Ørn. Mot Stabæk i toppserien fekk ho nok ein gong starte, noko som tyder på at ho har imponert trenar Geir Kristian Nordby på den korte tida ho har vore i klubben.

Oslo-klubben kjempar med Arna-Bjørnar og Kolbotn om å ta tredjeplassen i årets Toppserie, med Kolbotn i førarsetet når tre runder står att.

Vilde Hasund fekk 71 minutt i kampen mot Stabæk. Bærumslaget vann til slutt 0-2.