I fleire periodar av kampen var Hareid flinke til å spele ballen langs bakken. Og etter kvart vart det skapt mange sjansar. Eitt mål til Hareid var klart i underkant. Men samtidig skapte jo også Emblem fleire store sjansar - spesielt i siste del av kampen. Hareid sleit veldig med spissen deira Bogdan, som scora begge måla. Så alt i alt var ikkje 1-2 noko veldig urettvist resultat, sjølv om det like gjerne kunne ha enda 5-4.

Martin Nikolai Longva scora Hareids mål på eit saksespark like før pause.

KampfaktaTreningskamp, 27. marsHareid - Emblem 1-2 (1-1)Hareidsmyrane stadionTilskodarar: 15Mål: 0-1 Bogdan (21), 1-1 Longva (45), 1-2 Bogdan (61)Dommarar: Einar Orten Trovåg, Hareid IL (første 22 minutta) og Richard Martin Hunstad, Hjørungavåg IL (resten av kampen)Ingen kortHareid (4-1-4-1): Vagn Scheide Mork (K) (Fredrik Lonbakken 46) - Fredrik Andresen, Martin Nikolai Longva, Lars Andreas Dahlen Folkestad, Thor-Ove Brekke (Benjamin Slettebakk 81) - Nauris Driksna - Håkon Orten Trovåg, Robin Jackson Indreflø (Simon Holstad Grimstad 59), Ola Kalvø Vattøy, Georg Eikrem Olsen (Hazhir Alipoor 81) - Runar Stranden (Eiliv-Tore Howlid 59)