Med ein reiseavstand på om lag fem timar er dette årets lengste bortetur i 3.-divisjon for Hødd.

Surnadal er kjent som eit brukbart heimelag og eit svakt bortelag. I år har dei faktisk tatt alle sine 13 poeng heime. Laget ligg sist i 3.-divisjon med fem poeng opp til nedrykksstreken.

Hødd 2 er inne i ein svak resultatmessig periode. Eitt poeng heime mot KBK 2 sist runde var ein liten opptur. Hødd ligg så langt på 9.-plass med fire poeng ned til nedrykk og åtte opp til pallplass.

Vi vil tru det er eit ungt Hødd-lag som reiser til Surnadal. A-laget hadde berre tre utespelarar på benken mot Stabæk søndag, sidan både Rune Ertsås, Erik Sandal, Vegard Heltne og Victor Grodås var ute med skadar.

Resultat så langt denne 3.-divisjonsrunden:

Herd - Bergsøy 2-1, Stranda - Volda 0-0, Elnesvågen - Brattvåg 3-1, Spjelkavik - LGFK 1-2 (to mål av tidlegare Hødd- og Hareid-spelar Thomas Sætre Hauge.)

Kristiansund 2 - Averøykam. og Sunndal - AaFK går også måndag.