Den andre runda av Telenor Cupen for Jenter 19 spelast søndag 9. juni. For Hødd sin del har denne kampen blitt flytta fram til onsdag 5. juni. Kampen blir spelt i Bærum.

Dette skuldast at Hødds damelag spelar seriekamp den same dagen borte mot Egge. Damelaget og J19-laget er sett saman av stort sett dei same spelarane, og det var derfor vanskeleg å få spelarkabalen til å gå opp.

Før seriepausen i juli har damelaget desse kampane att:

Hødd - Clausenengen (1. juni)Egge - Hødd (6. juni)Hødd - Træff (16. juni)

* Hødd har også ein utsett kamp mot Sunndal, som enno ikkje har fått ein ny dato.