Høddvollområdet er stadig i utvikling og berre i løpet av dei siste ti åra har det kome på plass nytt stadion og ny idrettshall. Ein turnhall er også under bygging, men no er spørsmålet kva som skal skje med gamlestadion. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes

Vil kjøpe Hødd ut av gamle Høddvoll

Det har blitt spelt mange minnerike fotballkampar på gamle Høddvoll. Ein olympisk meister har spurta runde etter runde på tartandekket som kransar om graset. Men kva skal framtida vere for anlegget med den fantastiske utsikta mot havgapet?