Fjortenåringen kom heim frå meisterskapen i Bergen med ikkje mindre enn 5 gull! I konkurransen deltok 260 av dei beste symjarane i Noreg mellom 13 og 16 år. Dei kom frå 65 ulike klubbar. Ungdomane konkurrerte i tre dagar, med forsøksheat om morgonen og finale heat om kvelden.

Astri var med på 6 øvingar, og forbetra tida i alle øvingane, noko som må seiast å vere ein fantastisk prestasjon for NM-debutanten. Ho fekk i tillegg bestemannspris i para-klassen etter ein rask 200 meter fri. Her sette ho ny personleg rekord av 2 minutt og 46 sekund, som tilsvarer 129,8 % av VM-rekord i si klasse. Dette er også langt innanfor kravet for NM seniorar.

Astri Lillebø Walsh Astri sette ny personleg rekord på 200 meter fri. Ho symde langt fortare enn NM-kravet for seniorar, og sikra seg bestemannspremie i para-klassen NM ungdom. Foto: YSSS
Medaljane til Astri og bestemannsprisen. Foto: YSSS

YSS Symjeklubb hadde også med tre utøvarar til stevne i Kristiansund. Det var Adrian Jung Leine (2009) Maria Redse-Aarset (2009) og Oda Ulstein-Vestbøstad (2010). Dei hadde også ei vellukka helg og kom heim med fire gull, 3 sølv og 2 bronse. Og 11 (av 14) bestenoteringar.

YSS Symjeklubb skriv til Vikebladet Vestposten at det viser at trening fungerer over tid. Klubben ønskjer å takke alle støttespelarar rundt klubben, spesielt det gode samarbeidet med både Ulsten Arena og Sunnmørsbanken, og Sparebanken Møre som hovudsponsor.

Denne gjengen trena flittig gjennom haustferien: Frå venstre på treningsleir i Sunndal: Andrea Vik (Volda TI svømming), Maria Redse-Aarset (YSS), Astri Lillebø Walsh (YSS), Oda Ulstein-Vestbøstad (YSS), Adrian Manuel Jung Leine (YSS), Sigrid Sætre (trenar, YSS). Foto: YSSS