Det vart ein del nervøse minutt på sidelinja for Hødd-trenar Joakim Dragsten då laget hans slo Brattvåg 2–1 på bortebane laurdag. Dermed er Hødd berre ein siger frå opprykk til Obosligaen.

– Det er vel første gongen på lang tid at eg kjenner heilt frå kampen startar at dette kjem til å bli vanskeleg. Eg kjente også at det var noko litt ekstra i dag. Men det er deilig også, det er ei kjensle av at du lever og eg var ganske trygg på kva vi er gode på. Etter den første omgangen tenkte eg at dette kan vi ikkje tape, men så kjem andreomgangen og gir oss det den gir, så då vart det ein del nervar igjen. Men no er det berre fantastisk deilig, seier Dragsten til Vikebladet Vestposten etter kampslutt.

Det var nok mange som vart litt nervøse då Ole Monrad Alme heldt på å gje Brattvåg ein gåvepakke heilt i starten på oppgjeret. Kanskje var det også nervane som spelte litt inn for keeperen, men heldigvis for Hødd så vart det med skrekken.

– Eg trur nok det var litt startnervar. Han har vore så trygg og god i heile år, seier Dragsten.

Men kampens første scoring var det Hødd som ordna. Robin Hjelmeseth slo eit godt frispark og ballen enda i mål, sjølv om det var noko usikkerheit knytt til kven som var sist på ballen. Det andre Hødd-målet var det ingen tvil om. Syver Skundberg Skeide gjorde det meste sjølv og banka inn 1–2, som også vart det avgjerande målet.

I fjor scora Skeide i kvalifiseringa om opprykk. I år slo han til med avgjerande scoring i den svært viktige nest-siste seriekampen. Trenar Dragsten er full av lovord om 18-åringen.

– Han har skote og skote og skote, og ikkje berre i kamp, men også på trening. Det er kanskje det han har jobba aller mest med, å bli ein trussel på skot i den type posisjonar. Det å sjå at han klarar å få det målet i dag er nok til at ein kunne bli rørt av mindre. Det var veldig fortent, slår Dragsten fast.

Skeide leverte også ein svært god kamp for Hødd, trass ei veke prega av sjukdom.

– Han har vore småsjuk i dagane før kampen og vi telte litt på knappane om han kunne starte. Når han då likevel er så god og tek fram den scoringa, så er det kjempeimponerande, seier Hødd-trenaren.

Samstundes som at Hødd slo Brattvåg vart det også siger for Ull/Kisa. Dermed blir alt avgjort i siste serierunde, der Hødd skal møte Tromsdalen heime på Høddvoll.

– No skal vi få ei så normal veke som mogleg frå måndag av. Vi må prøve å jobbe med oss sjølve, få kroppane og hovuda klare for kamp, for det er veldig lett å bli rive litt med. No har vi klart ein av to, men det står ein kamp igjen. Det står og fell på den. Vi må akseptere situasjonen, men samstundes prøve å nyte det litt. No trener vi for å avslutte sesongen med stil, seier Dragsten.