Dalen er nominert til årets fotballeiar (Nikken-prisen) av fotballforbundet. Larsnesingen hadde mange år bak seg i fotballkrinsen (der han framleis sit i styret) då han vart valt til fotballformann i IL Hødd framfor 2008-sesongen.

Starten på det nye

Det året rykte Hødd ned til 2.-divisjon med solid margin. Men sidan har det gått oppover. I 2010 rykte Hødd opp til Adeccoligaen, og i fjor gjorde dei ein god sesong og hamna midt på treet. Årets sesong vart ikkje like bra i serien, men desto betre i cupen.

- Starten i 2008 var tøff, men samtidig var det starten på det vi no har fått til no. Likevel hadde eg ikkje drøymt om cupfinale. Vi hadde tru på ein god sesong i Adeccoligaen, men ikkje at vi skulle gå så langt i cupen, seier Dalen i samtale med Vikebladet-TV.

Flagga på Larsnes

Vi møter han på Youngstorget fredag føremiddag, der mengda av høddarar gradvis har auka utover dagen.

- Interessa er fantastisk. Det ser vi i bloggar, på skjerm og i avisene. De journalistar lagar mykje Hødd-stoff for tida. Eg fekk telefon frå Larsnes også i dag. Der hadde dei heisa Hødd-flagget. Det har aldri skjedd, heller ikkje i 60-åra, smiler Bård Dalen.

- Korleis går det så med sjølve finalen?

- Det blir ein kjempekamp med mykje sliting. Eg trur det blir straffekonk, og då vinn vi 7-6...