- Eg vil verkeleg skryte av jentene i dag. Dei leverte solide prestasjonar, og vi var samla sett det beste laget, sa trenar Ole Per Kragset etter kampen.

Tynset var derimot laget som opna kampen best, medan Hødd var litt "på hæla". Det hadde ikkje gått mange minutta før Stine Skogan prøvde seg med eit skot frå 20 meter. Heldigvis for Hødd segla ballen langt over mål. Etter 20 minutt var Tynset på ferde igjen, men denne gongen var forsøket av det meir presise slaget. Svanhild Sand kunne enkelt lobbe ballen over Hødd-keeper Amalie Brandal Kragset til 0-1.

Hødd kjempa seg derimot inn igjen i kampen, og kaptein Ragnhild Ertesvåg markerte starten på ei god periode for Hødd, då ho fekk skikkeleg klem på ein halvvolley frå vel 20 meter. Ballen gjekk i tverrliggaren og ut igjen, så det blei berre med forsøket. Like før pause henta Hødd fram eit angrep av høg klasse, som endte med at ballen hamna hos lynving Angelica Vattøy. Vattøy prøvde seg først éin gong, men keeper gav retur. På andre forsøket sat ballen i nota, og Hødd kunne rusle av banen til pause med balanse i rekneskapen.

Hattrick-heltinne

Over i andre omgang var Tynset nok ein gong på høgget frå start av. Tynset-spissen Stine Skogan prøvde seg først med eit skot frå skrå vinkel, men ballen gjekk i nettveggen. Langt heldigare var derimot Margrete Aaen, som kunne stange inn 2-1 til Tynset på ein corner.

Tynset er eit ballsikkert og fysisk tøft lag å møte, men det skremte ikkje Hødd frå å kjempe seg inn igjen i kampen nok ein gong. Den siste halvtimen var det i realiteten berre eitt lag på bana. Åslaug Helvig var Hødd sin beste spelar før siste halvtimen, men viste at ho utan tvil var kampens beste spelar etter at ho toppa dette med tre flotte mål. 2-2 kom etter 68 minutt, då Helvig enkelt kunne setje ballen i mål.

Eit kvarter før full tid varta Helvig opp med eit kunststykke av eit mål. Frå 25 meter klemte ho til på heil volley, og ballen gjekk utakbart over keeper og i vinkelen. Ved full tid skaut ho frå distanse nok ein gong, og susaren sørgja for ein solid siger til Hødd heime på Høddvoll kunstgras.

- Sigeren burde nok vore endå større. Eg talte vel noko slikt som fem eller seks stolpeskot det siste kvarteret. Tynset var heldige som ikkje måtte reise heim igjen med eit stortap i bagasjen, sa Hødd-trenar Ole Per Kragset etter kampslutt.

Neste laurdag er det Clausenengen som blir motstandar heime på Høddvoll.

Kampfakta

2.divisjon kvinner avd. 6Hødd- Tynset 4-2 (1-1)Bane: Høddvoll kunstgrasTilskodarar: 20Mål: 0-1 Svanhild Sand (20), 1-1 Angelica Vattøy (44), 1-2 Margrete Aaen (54), 2-2 Åslaug Helvig (68). 3-2 Helvig (75), 4-2 Helvig (90)Dommar: Jonny Dyb - Giske IL - 5Hødd: Amalie Brandal Kragset - Ingrid Måseide, Benedicte Nevstad, Silje Holstad, Martine Almestad Hauge - Angelica Vattøy (Sofie Gjerde 87), Ragnhild Ertesvåg, Mari Heggen (Caroline Overvåg 70), Vilde Hasund, Ellen Nerland Aahjem- Åslaug Helvig

*** Åslaug Helvig** Ellen Aahjem* Angelica Vattøy