«Man kan med rette si at Hødds triumf på Lerkendal i kampen mot Kvik gav seier som sa seks!».

I 1965 måtte Hødd vinne med mange mål Kvik i Trondheim, medan Rosenborg måtte tape for Brann i Bergen, dersom dei blåkvite skulle kunne ende sesongen med sitt første opprykk til øvste nivå i norsk fotball. I bortekampen på Lerkendal scora Hødd åtte gongar, tre kvar ved Kjetil Hasund og Jan Ulfstein, samt to med Magne Fylling. Rosenborg tapte 2–1 i Bergen og Hødd rykte opp til dåverande 1.-divisjon på målskilnad. Det blei berre ein sesong i toppen i første omgang, men allereie i 1968 vart det nytt opprykk. No heldt klubben seg på øvste nivå fleire sesongar i strekk, før det vart retur til 2.-divisjon etter 1972-sesongen.

Tippeliga i 1995

Deretter skulle det gå over 20 år før Hødd var tilbake på øvste hylle, men i 1994 var laget best i 1.-divisjon avdeling 2 og sikra opprykk til spel i Tippeligaen.

Det var ikkje mykje om å gjere at Hødd blei verande i Tippeligaen, men med poenget mindre enn Kongsvinger på 11.-plass blei det nedrykk for Hødd etter ein sesong, og sidan den gong har laget frå Ulsteinvik spelt i 1.- eller 2.-divisjon.

I 2013 var Hødd svært nære å ta steget opp att i Tippeligaen. Med siger i siste serierunde borte mot Mjøndalen ville Hødd ta andreplassen og sikre direkte opprykk, men i staden vart dei 3–1 tap mot bruntrøyene og Hødd måtte ut i kvalifisering.

2553 personar fann vegen til Høddvoll for møtet mellom Hødd og Mjøndalen, som med sigeren i siste serierunde kapra 6.-plassen. Her hadde Hødd håp om å revansjere kampen der opprykket glapp, men heller ikkje denne gongen skulle det lukkast for Lars Arne Nilsen sitt mannskap. I det som vart suksesstrenaren sin siste kamp som Hødd-trenar tapte Hødd 0–2 og draumen om Tippeligaspel brast.

To år seinare, og 50 år etter det historiske opprykket i 1965, er Hødd på ny klare for å kjempe om opprykk til Tippeligaen. Sogndal og Brann har sikra seg dei to direkte opprykksplassane, men etter at 4.-plassen vart sikra borte mot Brann i siste serierunde har laget framleis sjansen gjennom kvalifisering. Første hinder er Jerv på nye Høddvoll.