29-åringen har budd på Hareid dei siste månadene og jobbar på Spenncon, melder Hareid-fotballen si nettside.

Driksna vart speleklar denne veka og debuterte då Hareid II spelte 2-2 mot Hasundgot i ein treningskamp tysdag. Latviaren er enno ikkje heilt i kampform, men noterte seg for eit hardt skot i tverrleggjaren.

Hareid har mista ein del spelarar i sommar og håper Nauris Driksna blir ei fin forsterking til stallen etter kvart. Han spelte sist i vinter for den latviske klubben FC Kvarcs.

Når det gjeld treningskampen scora Tore Johan Ytre-Hauge og Emil Johannes Dahlen Folkestad for Hareid, medan Lars Mork og Tore Romestrand var Hasundgot sine målscorarar.