Konkurransen foregår ved Saudehornet og Nivane i Ørsta, og i fjor var det over 50 deltakarar med.

Tre konkurranseklasser

I den lettaste klassa, X1, skal deltakarane kome seg opp på Nivane, og deretter ned til mål i Ørsta sentrum. Dette er turklassa, der alle kan vere med. Hovudklassa er X2, og det er den verkelege styrkeprøva. Der skal deltakarane fyrst kome seg opp på Saudehornet, så ned til ein passeringspost før dei må opp på Nivane. Deretter er det fyrstemann til mål i sentrum. Tredje og siste klasse er kalla "Freeride". Der skal deltakarane køyre den beste linja ned frå eitt av tre fjell, Nivane, Saudehornet eller Vallahornet. Dei tre dommarane vil sjå etter flyt, linjeval og stil, avhengig av kva framkomstmiddel som vert nytta.

Tryggleik viktig

Skredekspert Thomas Heisig vil gå over fjellet både kvelden før arrangementet og laurdag morgon. I tillegg stiller Røde Kors opp, saman med tre alpine redningslag frå Ørsta skredgruppe. Dei vil vere til stades under heile konkurransen. Arrangøren har òg eit snøscooterlag og eit helikopter tilgjengeleg heile dagen. For sin eigen tryggleik skal deltakarane i X2 ha med seg sendar/mottakar og dei skal bruke hjelm, melder Friluftsgruppa Natura.

Liv og røre

I målområdet vert det grilling, DJ-ar som snurrar plater og kanskje eit gåvedryss eller to. Heile konkurransen vert filma, både frå bakkenivå og frå helikopter. Filmen vert vist på Rokken laurdagskvelden, under "Afterski"-arrangementet. Då vil det òg bli underhaldning frå dei norske artistane i SideBrok til langt ut i dei små timar.