Kim-Tore Husøy har skora fem mål hittil i år - og er på plass i Hareid-drakta i kampen mot Stranda i kveld. Men han har også sanka to gule kort på dei fire kampane hittil. Foto: Leiv Arne Grimstad

Husøy er oppe i 5 mål på fire seriekampar så langt. Jørgensen har vore skadaplaga hittil. Sist fredag måtte han stå over på grunn av sjukdom. Men no er han tilbake i rekkene igjen.

Tilbake i laget er også Steffen Uldbæk og lagkaptein Tore Ytre-Hauge. Ingen av dei var med mot Norborg.

Derimot er ikkje André Nupen med denne gongen. Han spelte ein stor kamp mot Norborg. Anten Joachim Moldskred eller Jørund W. Johansen overtek stopparplassen. Fredrik Bøe rekk heller ikkje kampen etter skulderskaden han fekk mot Spjelkavik.

Hareid har ikkje møtt Stranda på fem år, sidan Stranda har halde til i 4.-divisjon sidan då. Stranda har fire poeng til no, medan Hareid har seks. Før kampen ligg Hareid på 6.-plass, ein plass som gir fornya kontakt i divisjonen. Men det er svært tett mellom laga - og dette er ein kamp Hareid absolutt bør vinne for å vere ajour med målsetjinga om å berge plassen i divisjonen.

Hareid si tropp i kveld:

1. Vagn Scheide Mork

2. Tore Bjørge Mjønes

3. Joachim Moldskred

4. Benjamin Reite

5. Kim-Tore Husøy

6. Joar Møller

7. Tore Johan Ytre-Hauge

8. Per Ståle Nykrem

9. Svein Inge Nesset

10. Jørund Johansen

11. Ronny Jørgensen

12. Einar Orten Trovåg (reservekeeper)

13. Steffen Uldbæk

14. Even Hansrud

15. Dag Gøran Brandal

16. Fredrik Aursnes

17. Håkon Orten Trovåg