Første oppgåve for frå v.: Bjørnar Sunde Gjerde, Simon Sundal og Erik Hasund komande sesong blir å slå Emblem på bortebane i 1. serierunde. Foto: Lars Henrik Hasund

Hasundgot hadde ein god sesong i fjor og greidde sesongmålet, som var å kome blant dei tre-fire beste laga i søre-avdelinga. Avdelingsvinnar Åram/VanKam rykte opp til 4.-divisjon, medan Åheim, Hasundgot og Bergsøy2 fornya 5.-div.-kontrakta.

Divisjonen har 10 lag, som spelar 1. serierunde slik:

Onsdag 25. april: Aksla-Hovdebygda/Volda2, Bergsøy2-Stordal, Åheim-Herd2, Vartdal-Ørskog, Emblem-Hasundgot.

I 2. serierunde får Hasundgot heimekamp mot Vartdal onsdag 2. mai.

Siste serierunde før sommarpausen blir onsdag 20. juni. Då har Hasundgot heimekamp mot Hovdebygda/Volda2.

Haustsesongen tek til 15. august. Då kjem Emblem på returbesøk til Hasundgot stadion.

Den 18. og siste serierunda i 5.-div. i år er lagt til søndag 14. oktober.