Asker skora på kampens første sjanse ved Bogdan Sikora etter fem minutts spel. I det 38. minutt fekk Hødd-spelar Thomas Pedersen raudt kort etter å ha roke i tottane på Asker-spelaren Espen Falck, som sette beina i skrittet på Pedersen i ein duell. Falck fekk gult kort. I det 66. minutt før Hødd annullert eit mål av Eirik Hoseth for dytting i feltet. Hødd har deretter fleire sjansar til utlikning. Men samtidig kunne Asker fort ha auka til 2-0 i ein situasjon der spissen Tømmernes kom åleine med Deinoff. Kampen ebbar ut med eittmålssiger til Asker. HØDD stilte slik: Deinoff - Værnes, Teigen, Klock, Stavseng - Vaagsholm, Holand, Nevstad, Pedersen - Hoseth, Magnussen. Innbytte: Oddbjørn Lie i 26 min. for Stavseng - Vaagen i 16 minutt for Holand - Edinsen i 8 min. for Magnussen. I to andre kampar i denne 2.-div.-avdelinga søndag vart resultata slik: Nardo-Bærum 2-2, Strindheim-Kristiansund 2-2.