I den andre mandagskampen vann AaFK2 heile 6-0 over Ørsta. I og med Brattvåg sitt poengtap ligg dei fire tetlaga i divisjonen som perler på ei snor: SIF har 30 poeng, Brattvåg 28, Hareid 26 poeng og AaFK2 25. AaFK2 har 2 kampar til gode. Hødd2 gjekk ut i "hundre" og hadde taket på den første halvtimen. Oddbjørn Lie gav heimelaget 1-0 på eit frispark frå ca 20 meter etter ei felling av Audun Scheide. Då var det gått 6 minutt. Eivind Michael Myklebust la på til 2-0 då han skora på ein retur frå eit skot av Andreas Furseth i det 12. minutt. Etter ein halvtimes godt spel slo Hødd2 av brytaren, og Brattvåg tok fullstendig over det siste kvarteret av omgangen - og burde absolutt ha redusert. På den andre sida hadde Eivind Michael Myklebust ein kjempesjanse til å auke til 3-0. 2. omgang heldt fram som den første slutta: Brattvåg dominerte - og fekk fleire gode sjansar. Det var derfor fullt fortent at dei reduserte ved Martin Sundnes i det 53. minutt og utlikna ved Arnel Colic i det 57. minutt. Dei fleste venta no at Brattvåg skulle sikre seg sigeren, men Hødd2 vakna til og heva seg den siste halvdelen av 2. omgang og fekk eit fortent poeng. Hødd stilte slik: Vebjørn Skeide - Lasse Leirstad, Torgeir Skeide, Ulrik Wingsternes, Oddbjørn Lie, Emil Viddal, Andreas Kurseth, Kjetil Paulsen, Audun Scheide, Eivind Michael Myklebust og Vegard Heltne. Innbytte: Eirik Heltne (15 år) for Scheide i det 64. min. - Eivind Gjerde for Andreas Kurseth i det 74. minutt - Jørund Widnes Johansen for Lasse Leirstad i det 78. minutt. Best på Hødd2 var Vebjørn Skeide, Ulrik Wingsternes, Oddbjørn Lie, Kjetil Paulsen og Eivind Michael Myklebust. Frå avspark stilte Hødd2 med 7 juniorar og fire 1.-årsseniorar.