Hareid vann 7-1 mot Ravn laurdag formiddag. Benjamin Reite (2), Åge Møgster, Marius Slettebakk, Fredrik Abrahamsen, Nikolai Røyset og Christer Adrian Mork scora Hareid sine mål. Hareid er no klare for spel i 1. divisjon, sidan AaFK slo Rollon 6-0 i den andre kampen i gruppa. Neste helg gjer Hareid og AaFK opp om kven som tar 1.-plassen i gruppa, og såleis kvalifiserer seg til NM, melder Hareid IL på nettsidene sine.