Heile 97 personar trassa ruskeveret og la ut på tur for å ta del i den årlege marsjen i regi av Trimgruppa i Hasundgot I.L. Folk var godt kledt med både allversjakke og regnbukse. Dei fleste gjekk, men nokre hadde også tatt fram sykkelen. Neste halvvegs i løypa hadde Trimgruppa innstallert seg i eit bussskur med saft, buljong, peparkaker og klementinar til dei spreke friskusane. Tre av dei som tok seg ein velforent pustepause i dette busskuret var Jonas Overå, Markus Gjerde og Sander Gjerde. Vi syklar, fortel Markus i det han skal til å ta ein god slurk av saftkruset sitt. Eit par minutt seinare er dei klare igjen, og brått er dei over alle haugar. Grete Hanken Haddal i Trimgruppa i Hasundgot I.L. er godt fornøgd med oppmøtet. I fjor var ikkje så mange som møtte opp. Då hadde vi nemleg strålande vêr og skøyteis på Kjerringnesvatnet og folk ville heller dit, fortel Haddal.

Mange nytta høve til å få seg ein kopp buljong under årets nyttårsmarsj rundt Dimnøya.