Med 5-1 over ÅFK2 i vinterseriekampen på Color Line Stadion i Ålesund tysdag ettermiddag er Hødd så godt som vinnar av pulje 1. Berre eit solid tap i den siste kampen mot Stryn kan ta frå laget puljesigeren. Hødd køyrer mykje ungt, og trenar Fladmark vart truleg litt klokare med tanke på kven som får vere med vidare i a-stallen og kven som må tilbake til Utviklignsgruppa. 1. omgang var svært Hødd-dominert mot eit reint ÅFK-juniorlag. Jan Rune Teigen, Thomas Sætre Hauge og Vegard Holand gav laget 1-0, 2-0 og 3-0. ÅFK2 reduserte etter pause - og såg ut til å kunne vinne 2. omgang. Men to kjappe mål av Eivind Michael Myklebust og Patrik Undli fastsette sluttresultatet til 5-1 og omgangsresultatet til 2-1. For Vegard Holand var målet mot ÅFK2 det første i Hødd-drakta etter overgangen frå Molde. KAMPFAKTA: Vinterserien, CLS: ÅFK2-Hødd 1-5 (0-3) MÅL: 0-1 Jan Rune Teigen, 0-2 Thomas Sætre Hauge, 0-3 Vegard Holand, 1-3 Marius Liavåg, 1-4 Eivind Michael Myklebust, 1-5 Patrik Undli. HØDD: Kim Deinoff (Jan Lennart Urke i det 75. min.) - Mads André Værnes, Sindre Eid (Ulrik Wingsternes i 2. omg.), Jon Erik Ertesvåg, Fredrik Klock - Eivind Michael Myklebust, Erik Sandal (Kjetil Paulsen frå det 66. min.), Vegard Holand (Andreas Rekdal i 2. omg.), Joachim Magnussen, Jan Rune Teigen, Thomas Sætre Hauge (Patrik Undli i 2. omg.). Tabell Hødd 2 9-1 6 Stryn 2 6-4 3 Skarbøvik 2 4-5 3 ÅFK2 2 1-10 0 Hødd sin siste kamp mot Stryn går på Høddbvoll KGB 3. mars. Hødd vinn pulja med uavgjort eller siger. Skulle Hødd tape med minst tre mål for Stryn, går Stryn forbi. Skarbøvik kan også vinne pulja dersom Stryn slår Hødd, men er avhengige av ein kalassiger over ÅFK2 i siste kamp. I pulje 2 og 3 er Langevåg og Brattvåg vinnarar. I pulje 4 står det mellom Godøy og Åram/VanKam - i pulje 5 mellom Herd og Larsnes/Gursken. Pulje 6 og 7 har enno ikkje teke til med kampane.