Foto: arkiv

Dermed er tida i Rosenborg over for Haddølingen. Kontrakta med den danske klubben strekker seg til sommaren 2013.

- Det har skjedd fort. Dei var interesserte, og eg var interessert, så frå kontakta vart etablert har det gått fort ja, seier han til RBK.no.

Etter to sesongar i Trondheimsklubben synest ikkje han at han har fått vist sitt fulle potensiale.

- Eg synest ikkje opphaldet mitt har blitt nokon suksess. Til det har eg vore for mykje skada. No er eg skadefri, og då veit eg at eg kjem til å gjere det bra, seier Moldskred som legg til at han kjem til å savne RBK og Trondheim.

31-åringen kom til Rosenborg i 2010 fekk oppleve eit seriemeisterskap og ein tredjeplass i Tippeligaen.

Klubbnomade

Morten Moldskred har vore innom mange norske klubbar før no vart klar for Dansk Superliga.

Han starta karriera i Hødd, der han scora 28 mål på 92 seriekampar, før han gjekk til Moss i 2001. Frå 2003 til 2005 spelte han i Aafk før han gjekk til Haugesund. Om sommaren, sesongen etter, gjekk han til Tromsø. I Tromsø scora han 29 mål på 76 seriekampar noko som førte til at Rosenborg meldte si interesse og til slutt kjøpte han i 2010.

Hurtigtoget frå Haddal debuterte på landslaget i 2009 og har hittil spelt 9 kampar og scora 1 mål.