Dei to er Martin Ingjerd, som har ei fortid på aldersbestemte lag i Hødd, og Karsten Melø. Ingjerd har også ei fortid på ymse kretslag. Melø er nyinnflytta til Ulsteinvik og er relativt nytilsett lege ved Ulstein legesenter. Begge har gjort eit posistivt inntrykk på trening. Skotheim vil også gjerne at Espen Beiermann, Gunnar Ringstad og Peter Paus - tre karar som spelte for Brandal i fjor - skal knyte seg til Hareid sin a-stall. Dei har trent med klubben til no. Skotheim håper at minst 2-3 av dei fem spelarar vil blomstre slik at Hareid-stallen blir tilført breidde og alternativ. - Vi har mista ein del spelarar frå i fjor, men ser at vi no har ein stamme i laget, seier Skotheim.