Nærast kom Volda-spelaren Trond Brynestad, som skora eitt av Volda sine mål på straffespark. Brynestad enda på 18 mål, medan Rollon-spelaren Daniel Gjerde kom på 3.-plass med 17 mål. Han skora eitt mål i Rollon sitt 4-2-tap for Brattvåg i den siste runda i 3.-div.

Volda starta absolutt best på Hareidsmyrane stadion – og leia 2-0 etter m ål av Preben Torvanger og Hans Husøy i det 13. og 29. minutt av kampen.

Men som ved eit sverdslag reduserte Hareid v/ SteffenUldbæk i det 37. minutt (for øvrig etter strålande forarbeid av Husøy) – og minuttet etter utlikna Husøy til 2-2. Hareid haddee ein kjempesjanse like etter og kunne faktisk ha skora tre mål på like mange minutt.

Men laga gjekk til pause på stillinga 2-2.

I det 54. minutt av kampen skyt Kim-Tore Husøy praktfullt i vinkelen og gir Hareid 3-2, men eit kvarter før slutt utliknar gjestane på straffe etter at Georg Gåsø feller ein Volda-spelar innafor 16-meteren.

Dermed ebba kampen ut på stillinga 3-3 – og det var det ikkje så veldig mykje å seie på. Volda hadde ballen mest, men Hareid tok seg etter kvart godt inn i kampen.

Før kampen fekk Hareid-keeper Vagn Scheide Mork pokal for 300 a-kampar for Hareid. Han leverte ein god kamp nr. 301 – og var saman med Kim-Tore Husøy og Jørund Johansen Hareid sine beste spelarar. Pluss også til duellsterke Eilif Tore Howlid, som var tilbake i laget etter langtidsskade.

Hareid enda på 7.-plass på tabellen og spelar i sunnmørsk 4.-divisjon neste år. Andre resultat fredag kveld: Hødd2-Valder 4-1, Brattvåg-Rollon 4-2, Stranda-Godøy 6-0, Norborg-Spjelkavik 3-3, Bergsøy-Herd 4-2.

HAREID stilte dette laget i årets siste kamp: Vagn Scheide Mork – Georg Gåsø, Jørund Johansen, Eiliv Tore Howlid, Tore Mjønes, Benjamin Reite, Tore Ytre-Hauge, Fredrik Aursnes, Steffen Uldbæk, Håkon Orten Trovåg, Kim-Tore Husøy. Innbytte: Ivar Aadland.