- Hadde vi scora på straffa, hadde det blitt siger. I staden for får dei 2-1 og eg kan ikkje seie det var direkte ufortent, seier Einar Magne Skeide til Vikebladet etter tapet i Molde. Hødd starta kampen best, og hadde fleire sjansar før 1-0-scoringa som kom etter 35 minutt. Helge Edinsen blei spelt åleine gjennom og sette ballen sikkert forbi Molde 2-keeper Knut Dørum Lillebakk, som var i Hødd ein liten periode. Hødd styrte heile første omgang, men minuttet før pause utlikna Molde 2 på sin første sjanse i kampen. Målet stod Kristian Strandhagen for. - Vi var klart best i første omgang og burde kanskje avgjort kampen. Vi burde i alle fall ha gått til pause med leiing, kommenterte Hødd-trenar Skeide.

Straffemareritt

Hødd har dei siste åra vore kjende for å vere særs dårlege på straffer. Også mot Molde 2 vart straffetaking avgjerande. Andre omgang var jamnare, men Hødd fekk ein gyllen sjanse til å avgjere 15 minutt før slutt. Anders Vaagen blei felt, og Oddbjørn Lie tok straffa. Han scora mot Træff i cupen sist helg, men bomma uheldigvis mot Molde 2. Lie har dermed 2 bom og 2 mål på straffer i cup og serie i år. - I dag var det ei god redning som hindra straffescoring. Men straffe skal vere mål, meiner Skeide. - Kvifor bommar Hødd så mykje på straffer? - Vi er ikkje mentalt tøffe nok. I år har det vore tre straffebom, og vi får sjå kven som skyt neste straffe, svarer trenaren. Med straffebom kom det heile Hødd frykta. Scoring den andre vegen. Etter 86 minutt Jacob Falch Meidell for Molde 2 og sikra Molde 2 sin andre trepoengar. For å gjere vondt verre, fekk Erik Sandal utdelt sitt andre gule kort i kampen i det 89 minutt og må dermed stå over neste kamp. - I dag spelte vi ein god første omgang, men ein oppjaga og upresis andre omgang der Molde 2 var gode på kontringar og overgangar. Vi vart unøyaktige og taper duellar, sa ein skuffa trenar etter det sure tapet. Ei gladnyhende var at Hødd kunne skilte med ein ny debutant. Juniorspelar Tomas Aure kom inn for Anders Vaagen dei siste 10 minutta. Juniorspelar Anders Gaustad var også med for Hødd mot Molde 2.

Kampfakta:

Menn 2.divisjon 18.05.09 Molde 2 - Hødd 2-1 (1-1) Scoringar: 0-1 Helge Edinsen (35), 1-1 Kristian Strandhaget (44), 2-1 Jacob Falch Meidell (86). Kort: Ulrik Wingsternes, gult kort, og Erik Sandal, raudt kort etter to gule. Laget: Vebjørn Skeide - Ulrik Wingsternes, Fredrik Klock, Finn Erik Stavseng, Oddbjørn Lie - Andreas Rekdal, Erik Sandal, Helge Edinsen - Anders Vaagen, Joachim Magnussen, Vegard Heltne. Desse kom inn: Bendik Torset, Kazeem Ahmed, Tomas Aure.