Karsten Warholm tok gull på 400 meter hekk og tok seg også til finale på 400 meter i løpet av fredagsøkta under NM på Byrkjelo. Samstundes er ikkje Warholm den einaste Dimna-utøvaren som konkurrerer denne helga.

Fredag sprang Jonas André Ose forsøk på 100 meter. Han kom i mål med tida 11,28 i 2,1 m/s motvind. Hans heat vart vunne av Even Meinseth og Ose enda på ein fjerdeplass. Dei to første i mål i kvart av dei tre heata, samt dei to beste tidene gjekk til finale, men Ose si tid var ikkje god nok til å kome med der. Laurdag skal Jonas André Ose ut i forsøk på 200 meter.

I lengdekvalifiseringa fredag hadde Dimna IL med tre jenter. Johanne Rise Kvalen hoppa best av dei tre og tok seg til finalen laurdag med eit hopp på 5,14. Caroline Amalie Sætre var på plassen bak med 5,11, medan Anna Garnes Kleven hoppa 5,07. Alle tre var godt bak sine personlege rekordar i kvalifiseringa.

På 5000 meter var det ingen som kunne gjere noko med Henrik Ingebrigtsen frå Sandnes IL. Han gjorde som han ville mot slutten av løpet og tok eit suverent NM-gull. Lenge såg likevel Ådne Andersen ut til å kunne blande seg inn i medaljekampen, men nokre få rundar før mål måtte Andersen stå av løpet på grunn av hald. Andersen skal springe 3000 meter hinder laurdag og blir spanande å følgje der, sidan han viste gode tendensar før han fekk problem mot slutten av 5000 meteren.

Alice Ulla Berg sprang fredag kveld forsøk på 400 meter, der ho mellom anna hadde konkurranse av Karsten Warholm sin treningspartner Amalie Iuel. Iuel vann heatet kontrollert, men Alice Ulla Berg såg lenge veldig sterk ut og hadde andreplassen då ho kom ut på oppløpet. Mot slutten heldt ikkje kreftene heilt inn og Ulla Berg enda til slutt på ein fjerdeplass og det blei dermed ikkje finale denne gongen.

Dette skjer laudag:

200 meter forsøk - Jonas André Ose og Anna Kleven

3000 meter kappgang - Fride Møller Flatin

400 meter finale - Karsten Warholm

Lengdefinale - Johanne Rise Kvalen

3000 meter hinder - Ådne Andersen