Onsdag kveld var det klart for fyrste kampen i haustsesongen for begge lag, og laga hadde ganske så ulike utgangspunkt. Medan Hødd kjempar i toppen, jobbar Hareid utrøytteleg for å halde seg over nedrykksstreken.

Snudde etter pausen

Hødd var à poeng med tabelleiar Volda etter 8 serierundar, men ønskte sjølvsagt å vise nettopp Volda at det er dei blåkvite som skal vinne avdelinga i år. Og det viste dei grønskjortene.

Det var heimelaget som kom best i gang, med ei scoring signert den tidlegare Hødd-kapteinen Mari Heggen like før halvtimen. Etter det som heilt sikkert var ein nyttig pausesnakk, lukkast Hødd i å utlikne rett etter pause. På frispark la Ragnhild Ertesvåg ballen inn i feltet, der Caroline Overvåg sette pannebrasken til og stanga inn 1-1.

Hødd lukkast til slutt med å setje inn det andre og matchvinnande målet, då Anna Thunem scora for dei blåkvite. Med det sikra Hødd seg tre særs viktige poengs luke etter denne «seriefinalen». I tillegg har altså Hødd ein kamp mindre spelt enn Volda, og kan ende opp seks poeng framfor, om begge laga vinn sine resterande kampar.

Gjestane tok alle poenga

Fyrste kamp denne haustsesongen for Hareid var heime på Hareidsmyrane KGB mot samarbeidslaget Blindheim/Fortuna. Det einaste målet i denne kampen var eit uheldig sjølvmål av Hareid, og gjestane tok med det alle tre poenga.

Dermed er utgangspunktet framfor neste kamp det same som det var før denne kampen. Hareid har tatt 9 poeng på 9 serierundar, og sjølv om Ravn på desidert sisteplass (3 poeng), er eit stykke bak, blir det viktig for dei raude og blå å ta poeng denne hausten for ikkje å sjølve hamne under nedrykksstreken.

Kampfakta

3. divisjon

Volda – Hødd 1-2 (1-0)

Volda kunstgras A

Dommar: Dagfinn Berg Tjervåg, Hasundgot IL

Gult kort: Ellen Nerland Aahjem (Hødd)

Mål: 1-0 Marit Heggen (29), 1-1 Caroline Overvåg (47), 1-2 Anna Thunem (88)

Hødd: Erika Skarbø - Pia Brandal, Caroline Overvåg, Andrine Nevstad og Cecilia Bakke - Anna Nerland Aahjem, Therese Holstad, Lina Solheim Stave og Ragnhild Ertesvåg - Anna Thunem og Anna Tødenes.

Innbyte: Madelen Gustavsen, Thea Ertesvåg, Ellen Nerland Aahjem og Rebecca Eikrem Sande.

Kampfakta

3. divisjon

Hareid – Blindheim/Fortuna 0-1 (0-1)

Hareidsmyrane KGB

Dommar: Magne Johnny Krumsvik, IL Hødd

Mål: 0-1 Sjølvmål (35)

Hareid: Andrine Myrene Teigene – Sigrid Pedersen, Ingvild Pedersen, Oda Johansen, Silje Årsbog Bjåstad – Cecilie Skeide, Hanna Holstad Grimstad, Shaajeena Jeyathas, Gunhild Feiring - Maria Juul Hansen og Runa Mork Røyset

Innbyte: Marita Myrvågnes, Karina Gade Larsen, Kristin Marø, Helene Sjåstad Kleppe, Adele Farstad, Elen Alme