Laurdag spelte Hødds damelag sin aller siste kamp før sommarpausen.

Sist Hødd-damene reiste til Trondheim for å møte Byåsen, vart dei sende heim til Ulsteinvik med eit 4-1-tap i fjor vår.

I årets oppgjer på Byåsen Arena tok vertane leiinga midtvegs i den første omgangen, før dei auka leiinga til 2-0 før pause.

Caroline Overvåg reduserte for Hødd seint i 2. omgang, men stillinga var til slutt 3-1 til heimelaget.

Hødd tek då ferie og startar opp seriespelet igjen borte mot Nidelv i midten av august.

Ifølgje fotball.no stilte Hødd med følgjande lag: Amalie Kragset - Ellen Nerland Aahjem, Silje Holstad, Susann Kragset, Mari Vikanes - Angelica Vattøy, Sofie Kopperstad Gjerde (Ingvild Sæther Ringstad 80, Vilde Hasund, Åslaug Helvig, Thea Vattøy Kristensen - Caroline Overvåg