Hasundgot har opna med to bortekampar i serien i årtes 6.-divisjon. I første kampen vart Moltustranda slått 4-0 på Munkvoll, og måndag reiste laget til Sula for å møte Langevåg 2.

Det var bortelaget som skapte dei fleste sjansane, men det var Langevåg som tok leiinga.

Hasundgot pressa på for utlikninga, og fekk utteljing då den tidlegare Hareid-spelaren Georg Eikrem Olsen sette inn 1-1 kort tid før pause.

I den andre omgangen var det eit meir effektivt Hasundgot-lag som kom på banen. Scoringar frå Lars Henrik Hasund, Ruben Muren og to frå Halvor Mjøen Berg sikra at det blei ein ny firemålssiger for Hasundgot.

Kampfakta:

Langevåg 2 - Hasundgot 1 - 5 (1-1)

Langevåg kunstgras

Dommar: Inge Andersen, Aalesunds FK

Mål Hasundgot: Georg Eikrem Olsen, Lars Henrik Hasund, Ruben Muren, Halvor Mjøen Berg x2