Hareid har fått ein bra start på sesongen i 4.-divisjon, med sju poeng på fire kampar, og med to sterke sigrar på bortebane. Både Valder og Skarbøvik har blitt slått, medan det sist vart eitt poeng heime mot Larsnes/Gursken. Lenge såg det ut til at også første heimesigeren skulle kome, men i sluttspurten fekk Larsnes/Gursken straffe, og utlikna til 2-2 på overtid.
Torsdag ventar Ørsta på Ørsta kunstgras, og det er eit lag Hareid ikkje har slått i serien sidan 2011. Men Ørsta har ikkje fått nokon god start på sesongen, og står med ein siger på dei fire første. Den kom i ein dramatisk bortekamp mot Skodje.
Ørsta har tapt mot både Valder og Langevåg, og gått på ein skikkeleg smell mot Skarbøvik. Der vart det heile 7-1 tap for Ørsta.
Laga møttest til treningskamp i vinter, og der enda det med ein knapp siger til Ørsta, i ein kamp som kunne ha bikka begge vegar.
Joar Møller fekk raudt kort etter to gule i løpet av sine åtte minutt på bana mot LGFK, og er derfor uaktuell, men Jon André Thue har sona si karantene for det raude kortet mot Valder, og er tilbake i troppen til denne kampen. Lars Roar Holstad er vekke og spelar ikkje. Hareid IL melder også at Torgeir Skeide er usikker til kampen.