Laurdag møttest Bergsøy og Herd på Havila stadion i Fosnavågen. Herd slo nyleg KBK ut av cupen, men borte mot Bergsøy i 3.-divisjon vart det tøffare for Moa-laget.

Bergsøy arrangerte kickoff på sesongen i samband med kampen, og hadde mellom anna invitert TV2-profilen Davy Wathne til Fosnavåg.

Ein av heimelaget sine nye engelske leigesoldatar, Scott Burgess, sende Bergsøy i leiinga, men ein av mange tidlegare Hødd-spelarar som var involvert i kampen, Jonas Ingebrigtsen utlikna for Herd.

Men også Bergsøy har tidlegare Høddarar i troppen. Franjo Tepuric scora to mål i den andre omgangen og sikra 3-1 siger til Bergsøy, som har fått ein svært god start på sesongen.

Andre kampar i 3.-divisjon avd 08:

Rollon - Spjelkavik 1 - 3

Stryn - Surnadal 5 - 0

Sundag spelar Træff mot Florø 2, medan dei tre siste kampane i andre runde blir spelt måndag. Då møter Hødd 2 KFK heime på Høddvoll.

4.-divisjon

Hareid opna sesongen med tre poeng borte mot Skarbøvik torsdag. Fredag og laurdag vart dei siste kampane i den første serierunda gjennomført.

Mest merksemd har kampen mellom Skodje og Ørsta fått, men det var ikkje berre på grunn av dei sju måla. Det siste av dei sju måla vart scora langt inn i overtida, då Mats Øvrebotten sikra sigeren til Ørsta på kampens tredje straffespark. Men overtida var også prega av heile tre raude kort! To til Skodje og eitt til Ørsta. Ørsta-spelaren Preben Olsen fekk sitt andre gule kort etter kampslutt. Ifølgje Sunnmørsposten kom det andre gule kortet av at Ørsta-spelaren takka assistentdommar for kampen, men ikkje hovuddommaren.

Andre kampar i 4.-divisjon:

Norborg - Larsnes/Gursken 0 - 1

FK Sykkylven - Godøy 0 - 2