Robin Hjelmeseth har gjort sakene sine bra i Elverum, men var klar for å returnere til Hødd då sjansen baud seg. No er han klar for dei blåkvite igjen. Det skriv Hødd i ei pressemelding onsdag ettermiddag.

Samstundes melder Hødd at Amani Mbedule og Sondre Beite går til andre klubbar. Beite går som Vikebladet Vestposten kunne melde tidlegare onsdag, til Brattvåg. Mbedule skal etter rykta ha trena med Notodden, men kva klubb han eventuelt signerer for etter at hans tid i Hødd no er over, er ikkje bekrefta enno.

Takka ja

Dagleg leiar Kari Mette Sundgot seier i pressemeldinga frå Hødd at Robin Hjelmeseth har takka ja til å kome heim til Hødd etter eit opphald i Elverum der han i 2016 var med å sikre opprykk til OBOS-ligaen.

Trenar Sindre Eid seier dette om overgangane:

- Eg er glad for at vi no har fått inn to spelarar som har vist tidlegare at dei skorar mange mål, og ser fram til å få dei med i spelargruppa no i inngangen til haustsesongen.

Hødd skriv vidare at dei ønskjer Robin Hjelmeseth velkomen tilbake til Hødd, og takkar samstundes Sondre Beite og Amani Mbedule for tida i Hødd.