Tysdag vart det arrangert venskapskamp mellom Noreg og resten av verda (ifølgje speaker) på finalebana på Ekebergsletta. Kampen vart spelt på 11ar-bane med omgangar på 20 minutt.

Hareid IL var plukka ut til å stille med ein spelar frå jenter 14-laget.

Det var til slutt Helene Sjåstad Kleppe (som elles spelar på Hareid IL J14) som vart valt ut til å representere Hareid IL i laget frå Noreg som var samansett av J14/G14 spelarar.

Etter kampen skreiv Hareid IL dette på sine Facebooksider:

– Helene spelte ein feilfri kamp og representerte Hareid IL på ein flott måte.

Sjåstad Kleppe spelte både høgreback og på midtbana i løpet av kampen som til slutt enda 0–5 til “The World”.

Helene syntest det var kjekt og fortel at ho hadde ei flott oppleving. Ho syntest det var kjekt å verte plukka ut og få spele mot Verda, og det var kjekt å verte kjend med nye folk.

Hareid J14 spelte sin siste kamp i gruppespelet mot Kroken IL i går ettermiddag kl 17.15. Jentene frå Hareid har vunne alle dei tidlegare kampane i gruppespelet, og har dermed allereie gått vidare til A-sluttspel. Dei spelar 1/16-finale på onsdag kl. 12.00.