Eit ungt Hødd-lag, der berre Bendik Rise var med frå A-troppen, fekk det tungt i opningskampen i årets 3.-divisjon borte mot Sogndal 2.

Fredrik Flo sende heimelaget i leiinga etter 12 minutt, men Hødd 2 svarte 15 minutt seinare og utlikna til 1-1 ved Eirik Franke Saunes.

Stillinga heldt seg til det var sju minutt att til pause, men derfrå og inn til kvilen scora Sogndal 2 to gongar. Og med ny scoring tre minutt etter pause vart det vanskeleg for Hødd 2.

Heimelaget scora endå to gongar før kampen var slutt, og dermed vart det 6-1 tap i serieopninga for Hødd 2. Rekruttane skal denne veka også spele sin første kamp i den nye regionalligaen. Då møter laget AaFK sitt juniorlag på Color Line stadion.