Fredag spelte Emil Hareide futsal-km i Voldahallen saman med lagkameratar frå Hareid2/3. Tysdag set Hareide seg på flyet saman med resten av det norske futsal-landslaget for døve, og byter dermed ut sunnmørsk haustvêr med Thailand, sol, varme og VM-spel.

Hareide vart involvert i døvelandslaget tilbake i 2013, men VM i Thailand blir første meisterskapet han deltek i.

– Eg grur meg litt, det er litt småskummelt. Vi skal møte fem lag i gruppespelet som er ganske bra, men det må eg berre gle meg til, sjølv om eg er litt nervøs.

Til dagleg spelar Emil på Hareid 2, men fortel at han håpar på å kunne spele seg inn på 4.-divisjonslaget i løpet av den komande sesongen.

Emil Hareide er einaste representant frå Møre og Romsdal på herrelaget. I tillegg spelar Ane Serine Dimmen frå Volda på kvinnelandslaget som også skal til Thailand.

– Det er ganske nytt for meg, og eg kjenner ikkje så mange endå, men eg gler meg til å reise til VM, fortel Hareide.

Mål om å vinne gruppa

Han fortel at laget har gjennomført fleire samlingar på Ål Folkehøgskule, der laget er samla ei helg med både kurs og mykje trening.

– Det er kjempekjekt å bli teken ut, og eg blei veldig glad. Det høyrest kanskje ikkje så stort ut, men for oss er dette veldig stort, vi får spele med flagget på drakta og med namnet på ryggen, smiler Hareide.

For Hareide og det norske laget blir det minst fem kampar, men han håpar også at laget skal ta seg vidare frå gruppa.

– Eg har eit mål om at vi skal prøve å vinne gruppa og prøve å slå så mange av laga vi møter der. Vi har jo eit betre nivå enn det vanlege landslaget i fotball, ler Hareide.

Til dagleg er Emil Hareide lærling i Hareid Group, og har arbeidsplass på Kleven verft.

– Det er mykje arbeid, dei siste fire-fem vekene har eg også arbeidd mykje ekstra for å få råd til å reise. No er eg litt sliten, men det handlar om å slappe av litt nokre dagar og så vere klar for tur på tysdag.

Må betale sjølv

Og det med økonomi har vore noko som har fått ein del merksemd rundt døvelandslaget den siste tida. Spelarane får nemleg ikkje støtte for å reise til VM, men betaler hovudsakleg frå eiga lomme.

– På grunn av økonomi så er det nokre av dei beste, som gjerne spelar på 2.- eller 3.-divisjonsnivå som ikkje kan vere med, fortel Hareide. I staden er det mange av spelarane som skal til VM som spelar i futsal-serien.

– Dei er veldig flinke. Eg er jo meir van med 11’ar fotball, så det er litt nytt for meg endå. No er eg klar for ei ny oppleving og for å vere med på mitt første meisterskap, fortel Emil.

Fleire av spelarane som skal vere med på meisterskapet i Thailand har arbeidd hardt for å samle inn pengar for å få råd til å reise. Spelarane må nemleg betale ein eigendel på 23.000 kroner for å kunne delta.

– Det er dyrt, men eg har ikkje hatt noko stort problem med det, men det er klart at eg hadde vore veldig glad for litt ekstra støtte, fortel Hareide.

For å vere med på å støtte Emil Hareide og futsal-landslaget for døve som skal til VM i Thailand kan ein kontakte Emil Hareide for meir informasjon.

Det blir stor forskjell på sju grader og regn på Hareid stadion og nærare 40 grader i Thailand.