Hareid avsluttar sesongen heime mot Larsnes/Gursken, i ein kamp der Vagn Scheide Mork kan gå til topps på klubben sin adelskalender.
<strong>471 kampar:</strong> Etter innhoppet mot Godøy står Vagn Scheide Mork no med 471 A-kampar for Hareid, same som Lars Atle (Lasse) Flø. Dersom Scheide Mork får speletid mot Larsnes/Gursken i årets siste seriekamp på Hareid stadion vil keeperen klatre heilt til topps på Hareid IL sin adelskalender.
Foto: Hazhir Alipoor.