I det som såg ut til å bli ein frustrerande kveld for Hødd-damene, losna det med ein time på klokka då Ellen Nerland Aahjem banka ballen opp i det lengste hjørnet etter å ha drege seg inn frå venstrekanten sin.

Målscoraren sjølv er klar på at, nesten, alt gjekk som planlagt.

- Det var heilt oppe i vinkelen eg sikta, så det var nesten. Eg tenkte ikkje så veldig mykje før scoringa eigentleg, men eg tenkte berre at no skal eg gå, forklarar Aahjem

Pasningsslurv

Sjølv om Hødd var det laget som skapte flest sjansar i den første omgangen, var det mykje slurv frå begge lag den første halvdelen av kampen.

Trenar Ole Per Kragset vedgår at dei kanskje vart litt naive mot laget på nest sisteplass.

- Det snik seg kanskje litt inn at dei ligg på åtte poeng og har stort sett tapt på bortebane. Før kampen jobba vi med å vere konsentrerte og vere nøye, men det er lett å seie – og ikkje like lett å gjennomføre. Men all honnør til jentene, som hadde grei kontroll, seier Kragset.

- Skulle vinne

Eit drygt kvarter før full tid feia Caroline Overvåg all tvil til side etter å ha runda av målvakta og sette ballen i mål mellom to forsvarar som prøvde å tette det opne målet.

At Clausenengen hadde tapt alle fire bortekampar i år, og med heile 22 innslopne mål på desse kampane, gjorde at Hødd-damene berre ville vere nøgde med å ta tre poeng.

- Ja. Dette var eit lag som vi skulle slå, og det var berre tre poeng som var godt nok, seier målscorar Aahjem.

Kampfakta2.divisjon kvinner avd. 6Hødd- Clausenengen 2-0 (0-0)Bane: Høddvoll kunstgrasTilskodarar: 15Mål: 1-0 Ellen Nerland Aahjem (60), 2-0 Caroline Overvåg (75)Dommar: Kristian Standal, Rollon SKHødd (4-3-3): Amalie Brandal Kragset - Benedicte Nevstad, Silje Holstad, Martine Almestad Hauge, Anne Skar Hasund - Ragnhild Ertesvåg (K), Mari Heggen, Vilde Hasund - Åslaug Helvig, Caroline Overvåg (Sofie Kopperstad Gjerde, 84), Ellen Nerland Aahjem

*** Aahjem** Hauge* A. Hasund