Som i Adeccoligaen kjem kampane i 3.-divisjon avdeling 9 tett som hagl. Men den sjuande runden er spreidd over fleire dagar.

Torsdag spelar Larsnes/Gursken FK heime mot Volda. LGFK står utan sigrar så langt. Volda har overraska og ligg på 4.-plass, men har enno ikkje vunne borte. Ein fin sjanse for LGFK til å ta årets første siger.Laurdag: Brattvåg - Surnadal, Averøykameratene - Sunndal og Herd - Elnesvågen. Vi merkar oss at Herd har 16 poeng av 18 moglege og alt har ei luke på fire poeng i tet. Mange trudde Brattvåg skulle kjempe heilt i toppen, men førebels ligg dei midt på treet med åtte poeng.Tysdag: Bergsøy - Kristiansund BK 2, Hødd 2 - Stranda, AaFK 2 - Spjelkavik. Bergsøy har hatt ein merkeleg sesong og ligg under streken med seks poeng og 13 minusmål. KBK 2 ligg på tredjeplass med 11 poeng. Har a-kamp mot Hødd dagen etter. Kanskje gunstig for Bergsøy? På same måte er det vanskeleg å seie kva lag Hødd 2 stiller mot Stranda. Men heime er dette Hødd-laget nesten alltid solide.

Tabell og termin

* Men før Hødd sine juniorar skal spele 3.-divisjonskamp mot Stranda skal dei ut i norgesmeisterskapens andre runde. Molde er motstandar på Høddvoll søndag (første pinsedag). Hødd kvalifiserte seg til andre runde ved å slå Stranda 2-1 borte.

* Også G16-laget til Hødd skal spele 2. NM-runde søndag. Nardo er motstandar på Høddvoll søndag. Hødd kvalifiserte seg til andre runde ved å slå Clausenengen 1-0.