Victor Grodås spelte første serierunde på den plassen før han vart kneskadd i NM-kampen mot Brattvåg. Deretter starta Ruben-Kenneth Brandal fire seriekampar og éin cupkamp. Men mot Bodø/Glimt søndag måtte han stå over grunna sjukdom  – og Tobias Nygård Vibe fekk sjansen på backen.

– Victor har trena for fullt igjen denne veka og kan vere aktuell. Eg skal snakke med han meir på treninga i dag (onsdag). Ruben har vore sjuk. Han er truleg klar igjen. Tobias er kanskje ingen typisk venstreback, men spelte godt i Bodø. Så vi har tre alternativ vi skal vurdere, seier Hødd-trenar Lars Arne Nilsen.

Trio tilbake?

Trenarane kan velje frå ein skadefri stall når dei set opp laget som skal møte Ranheim. Mot Bodø/Glimt vart både Erik Sandal, Joachim Magnussen og Espen Standal spart frå start til fordel for Bendik Torset, Vegard Heltne og Rune Ertsås. Lars Arne Nilsen vil ikkje røpe kva som er planen mot Ranheim, men Vikebladet Vestposten tippar både Sandal, Magnussen og Standal er tilbake i 11-aren.

Kontringssterke trønderar

16. mai blir rekna som fotballens nasjonaldag her til lands. Det passar derfor ekstra godt at torsdagens kamp på Høddvoll blir eit skikkeleg toppoppgjer. Ranheim ligg heilt øvst med 16 poeng. Hødd har 12, men éin kamp til gode.

– Vi gler oss “sjukt” til denne kampen. Toppkamp på 16. mai med mange tilskodarar motiverer oss veldig. Eg er ikkje overraska over at Ranheim ligg på topp. Det er eit småekkelt lag å møte. Dei ligg lågt og er kyniske, samtidig som dei er gode på kontringar. Vi veit kva som kjem og er klare for å løyse koden. Vi skal spele og tore. Etter tapet mot Glimt er vi revansjesugne, varslar Lars Arne Nilsen.

Sannsynleg Hødd-lag:

Andreas Lie – Akeem Latifu, Jesper Törnqvist, Steffen Moltu, Ruben-Kenneth Brandal–Sivert Heltne Nilsen, Fredrik Aursnes, Erik Sandal–Pål André Helland, Espen Standal, Joachim Magnussen.

Lars Arne Nilsen rår over ein skadefri stall og har dermed mange alternativ når han og medtrenarane skal setje opp laget som møter Ranheim. Foto: EOT