Tidlegare i vinter spelte dei sju deltakarlaga fire kampar kvar - fordelt på heime- eller bortekampar. Denne helga møtest laga til finalehelg i Stryn. Alle spelar éin kamp laurdag og éin søndag.

Sidan Hødd berre vann éin kamp (to uavgjorte og eitt tap) før avslutningshelga kan dei ikkje vinne Nordvestserien. Men dei kan blande seg inn i medaljekampen etter 6-0-sigeren mot 3.-divisjonslaget Sogndal.

I tillegg til tre mål av Vilde Hasund scora Ragnhild Ertesvåg, Åslaug Helvig og ein motspelar for Hødd, melder voldasupporter.com

I dag skal Hødd møte Volda klokka 17.00.