Sivert Heltne Nilsen har så langt levert ein svært god vårsesong i Vålerenga. Sist veke fekk han med seg to Hødd-kampar, borte mot Bærum og heime mot Tromsø. I pausen søndag fekk voldingen utdelt to pokalar; éin for «årets høddar» i 2013 (kåra av styret) og ein for årets spelar kåra av medspelarane.