Hødd 2 spelar seg heilt opp i toppen av 3.-divisjon dersom dei slår Spjelkavik på bortebane måndag kveld.

Det er jamt i teten. Akkurat no har Aalesund II (23), Sogndal II (23), Tertnes (22) og Stryn (22) ei lita luke ned til Hødd på femteplass med 17 poeng. Men desse laga har allereie spelt sine kampar i runde 10.

Når det er sagt er heller ikkje Spjelkavik noko dårleg lag. Dei ligg på sjetteplass med 16 poeng. Laget blir trena av tidlegare AaFK-spelar Frode Fargermo.

På sine fem siste kampar har Hødd fire sigrar og éin uavgjort.

Resultat frå runde 10:

Fredag:

* Aalesund II - Norborg 6-2* Eid - Stryn 1-2

Laurdag:

* Bergsøy - SIF 4-4* LGFK - Tornado Måløy FK 4-3 (første sigeren til LGFK)* Årdal - Tertnes 1-3* Sogndal II - Arna-Bjørnar 1-1

Tabellen.