For Hødd skora Bendik Torset, Torgeir Skeide og Andreas Sørgård Olsen. Det låg lenge an til ein komfortabel Hødd-siger men mot slutten slo Brattvåg sterkt tilbake og var nære å stele med seg eit poeng heim. - Svak start og avslutning men ein elles grei kamp, oppsummerte trenar Kenneth Moldskred.
Kampfakta
Menn 3.divisjon 20.05.09 Bane: Høddvoll Gras 2 Hødd 2 – Brattvåg 3-2 (2-0) Skoringar: 1-0 Bendik Torset (28), 2-0 Torgeir Skeide (43), 3-0 A. Sørgård Olsen (58), 3-1 Sindre Dalhaug (80), 3-2 Martin Sundnes (87). Dommarar: Alf Furland, Dag-Harald Moldskred, og Arild Holm Kort: Gult kort Bendik Torset(Hødd). Hødd: Ørjand Nyland – Preben Sætre, Torgeir Skeide, Anders Gaustad ,Ruben Brandal – Sivert Nilsen, Bendik Torset, Kjetil Paulsen – Thomas Aure, Kazeem Ahmed, Andreas Sørgård Olsen. Desse kom inn: Martin Haanes, Eirik Heltne og Audun Scheide.