Førebiletet og fotballtalentet Erika Skarbøvik frå Ulsteinvik skal overraskast med stipendoverrekking i kveld på kampen mellom Hødd og Molde. – Me i Sparebanken Møre ønskjer å støtte unge utøvarar og har tru på at desse vil inspirere og skape førebilete for andre innan idrett, seier banksjef Beate Gjerde Mork i Sparebanken Møre. Målet med Gnist-stipendet er å stimulere ungdom til å utvikle talent og interesser som bidreg til å sikre av regionen blir tilført kreativitet, skaparevne og kompetanse på alle område i samfunns- og næringslivet.

Grunngjevinga frå juryen

Regionen har endeleg fått eit damelag i toppserien. Det vil skape større engasjement for kvinnefotballen. Men det å ha eit så stort førebilete som Erika Skarbø er minst like viktig for å auke rekrutteringa, meiner juryen. Erika Skarbø har vakta målet i fleire landskampar. OL i Beijing (2008) var den første internasjonale meisterskapen på seniornivå ho var med på, og prestasjonane hennar der var solide. Erika har markert seg som ein stabil og god keeper i Toppserien. Keepertrenar på Arna-Bjørnar, Reidun Seth, har sjølv uttalt at "Erika kan bli mellom dei beste i verda." – Erika Skarbø er utvilsamt eit talent å rekne med i tida som kjem, seier juryen i grunngjevinga.

Bakgrunnen til Erika

Erika Skarbø vart fødd 12. juni 1987 i Ålesund. Der budde ho til ho var seks år og flytta med familien til Skottland, før ho kom til Ulsteinvik. Erika er fotballspelar og har i fleire år blitt utpeikt som Noregs sitt største keepertalent. I dag er ho busett i Bergen, der ho studerer og spelar for Arna-Bjørnar Fotball. Tidlegare har ho spelt på Fortuna Ålesund og Hødd. I Arna-Bjørnar har Skarbø vore delaktig i utviklinga i klubben frå nyopprykket ved byrjinga av 2006-sesongen til medaljekandidat i 2008. Erika Skarbø spelte for Hødd i byrjinga av karrieren. Men Fortuna Ålesund arrangerte ei ordning der ho fekk spele både for dei og Hødd. Skarbø vart tidleg plukka opp på landslaget. Alt i 2002 debuterte ho på U17-laget. Landslagskarrieren heldt fram, og Skarbø har vore innom dei fleste aldersbestemte landslag, før ho debuterte på seniorlandslaget mot Italia den 5. mars 2008. Den 2. mai 2008 offentleggjorde landslagstrenar Bjarne Berntsen at Skarbø skulle bli Noregs sin nye førstekeeper. Arna-Bjørnar-keeperen fekk i 2008 Kniksen-pris for glimrande prestasjonar i det siste året. Skarbø fekk òg tildelt talentprisen til StatoilHydro i 2008.

Erika Skarbø.