I tillegg til å opne målkontoen, var Magnussen ein stadig trussel på Hødd si venstreside.

Den beskjedne herøyværingen valde likevel å drysse glans på lagkameratane.

- Vi skapar mykje, og dominerer stort sett heile kampen gjennom. Og heimelaget skapar ganske få sjansar. Så dette var ein god bortekamp frå vår side, sa Magnussen.

- Ein opplyftande kamp for din eigen del?

- Ja, eg scorar.  Men fyrst og fremst er det laget som spelar bra. Det er viktig. Dette er ein skikkelig lagsiger, konstaterte han.

- Men kor godt var det å få den fyrste scoringa?

- Det er godt å få den fyrste ballen i nettet, men så lenge vi tre framme samarbeidar, og bidreg til at vi skapar sjansar, så er det like viktig som å score sjølv. Men klart, det er godt å score.

- Pluss, pluss.

På spørsmål om årets sesong, etter den 3. sigeren på rad, kjem Magnussen med ein klisjé.

- Vi må berre ha fokus på neste kamp. Eit kjedeleg svar, men det er med det rette fokuset vi klarer å utrette noko. Vi kan ikkje drøyme oss bort.

- Og no får vi sjå den gode, gamle Magnussen?

- Ja. Pluss, pluss.

Kynisme

Lars Arne Nilsen var strålande nøgd etter kampslutt.

- Vi fekk éin siger på bortbane i fjor, no er den scoren allereie tangert, smiler Nilsen.

- Vi sleit i ein liten periode då Joachim (Magnussen) var ute for bandasjering i fyrste omgang. Men dei skapar berre éin sjanse i løpet av heile kampen, seier Hødd-trenaren.

- Eit litt anna Hødd-lag enn det som gjesta Strømmen i fjor?

- Ja, sidan førre sesong har vi lært. Gutane er heile tida under utvikling. No ser vi eit meir kynisk Hødd-lag. Dette var ein solid bortekamp.

- Dersom de kjem sigrande ut i hengekampen mot Follo, så er de på opprykksplass. Overraskande?

- Ja, vi har jo møtt god motstand. I tillegg har vi ikkje spelt opp mot vårt maks-nivå. Der er framleis mykje å hente, avslutta Nilsen før han gjekk i garderoben.