Etter ein mållaus 1. omgang viste Haddal seg som det beste laget etter pausen. Mål av Kristoffer Myrene, Jonas Ringstad og Gunnar Johann Ringstad ordna ein komfortabel og fortent siger. Flø var i periodar bra med i banespelet, men kom ikkje nærare enn ei avslutning i treverket signert Jon Erik Skeide.

Haddal står med fire poeng etter fire rundar, medan Flø har tapt sine to kampar til no.

I ein annan 6.-divisjonskamp måndag spelte Hareid II 1-1 heime mot LGFK II. Antoni Gardshol scora for Hareid.

Fredag møtest Flø og Hareid II på Høddvoll-kunstgraset.

Referat frå begge kampane finn du i torsdagsens papiravis.