Ein av Vikebladet Vestposten sine utsende i Oslo kunne tidlegare i dag torsdag meddele at Hødd-supportarane ikkje hadde nådd fram til hovudstaden enno. Men etter ei reise på hurtigbåten frå Hareid til Valderøya, syner det seg at dei er på veg.
Nevstad og Hasund har reist
Også fleire sentrale personar i Hødd-leiinga reiste i dag. På 14.30 avgangen frå Hareid var både tidlegare Hødd-spelar Kjetil Hasund og sportssjef André Nevstad å sjå. Dei reiste vidare frå Vigra klokka 16.25.
Også på 16.00 avgangen frå Hareid strøymer folk til flyplassen på Vigra. Så det rår ikkje tvil om at hovudstaden om kort tid er farga blå.
Og tilstrøyminga vil truleg halde fram utover kvelden og morgondagen.
Mange vel å køyre
Og som tidlegare informert vel mange å setje seg bak rattet. Både sportssjef André Nevstad og Ulsteinordførar Jan Berset oppmoda alle bilførarar om å ta seg god tid og ikkje stresse i trafikken.
Snø på Strynefjell
Trass i at vêrmeldingane for Strynefellet og Bjorli tidlegare i veka synte seg å vere bra til helga, har dette endra seg. Meteorologane på vêrmeldingstenesta Yr.no kan no melde at vêret held seg bra resten av dagen, men at det i morgon vil kome snø og minusgrader.
Då er forholda noko betre over Bjorli for dei som vel å køyre Romsdalen. Her fortel meldingane om opphaldsvêr i kveld, men utrygt for regn i morgon. Temperaturen held seg stabil på 3-4 plussgrader.
Og kombinasjonen høge fjell og regn kan gje vanskelege køyreforhold. Så her bør bilførarane vere varsam.