Det blei berre nesten for Hødd sitt andrelag i kampen mot Ullern på Høddvol søndag.

Ullern leia 1-0 til pause, etter ein relativt jamn førsteomgang.

Bortelaget skåra så to raske mål tidleg i andre omgang.

Hødd si første redusering kom på det som var eit sjølvmål i det 74.minutt, før Joakim Osvold reduserte til 3-2 i det 89.minutt.

På overtid- dommar Torgeir Halsen la til ganske mange minutt- jaga Hødd ei utlikning, og hadde mange gode tilløp, men lukkast ikkje.

Dermed tok Ullern med seg alle tre poenga heim frå 3. divisjonsoppgjeret på Høddvoll.