Søndag tek Hødd sitt a-lag i mot 18 utvalte spelarar frå klubbane på søre Sunnmøre, Team Søre, til kamp der alle inntekter går til TV-aksjonen og Kirkens Nødhjelp sitt arbeid med å skaffe varig tilgang på reint vatn til flest mogeleg.

Publikum har stemt fram sine favorittar ut frå 36 spelarar, og no har trenarduoen Einar Magne Skeide og Oddvin Kragset 18 spelarar frå 3.- og ned til 6.-divisjon til disposisjon.

Kampstart på Høddvoll er 15.00 og vi følgjer kampen minutt for minutt her på Vikebladet.no

1. omgang:

17 min 1-0: Sjølvmål etter skot frå Robin Shroot.

30 min 2-0: Victor Grodås avsluttar fint via stolpen og inn, etter godt samspel med Andreas Rekdal.

Les også:

Spelar for reint vatn

Her er laget som skal møte Hødd

Her er kandidatane