Etter eit års pause er Sindre Eid tilbake som hovudtrenar i Hødd. Med seg på laget får han Arild Sundgot, som etter 20 år i Lillestrøm Sportsklubb er komen heim til Høddvoll for å vere assistenttrenar og for å hjelpe unge og lovande Hødd-spelarar å ta steget mot toppen.

Styret i Hødd Fotball har sagt at det i åra framover blir viktig å satse på lokal rekruttering, og duoen Sindre Eid/Arild Sundgot må rekne med at Hødd-publikummet har store forventningar til jobben dei skal gjere. Dei siste åra har laget slite med å få lokale spelarar opp på toppnivå. Det er i seg sjølv ikkje noko gale med fotballspelarar som kjem utanfrå, men når dei fleste Hødd-spelarane ikkje har tilknyting til regionen, kan det skje ei framandgjering. Nyvald styreleiar i Hødd Fotball, Håvard Haanes, har nyst sagt at Hødd har mist litt av seg sjølv og at klubben må klare å vidareutvikle det unge grunnfjellet som øver på Høddvoll og omkringliggande baner.

Sindre Eid uttaler i dagens avis at han kjenner seg ønska tilbake som trenar, og at han har eit kjærleiksforhold til klubben. Arild Sundgot meiner det er på tide å finne tilbake til røtene, til Ulsteinvik og Hødd, og at han gler seg til å prøve å hjelpe unge og lovande spelarar til å verte gode fotballspelarar på toppnivå.

Vi håper dei lykkast med prosjektet sitt. Gjer dei det, vil publikum kjenne ein sterkare identitet til Hødd, og tribunane vil igjen bli tettpakka  med folk som ropar «Heia Hødd».